Gå til forsiden
For deg som har små barn
 | SnartGravid | SnartMamma |
  
Forside arrow Nyheter > arrow Mindre søtt til småen
fredag 20. mars 2015
Innhold:
Forside
 Nyheter:
Forskning
Andre nyheter
 Artikler:
Kosthold
Rettigheter
Råd & Tips
Vaksiner
Diverse artikler
 Annet:
Søk
Kontakt oss
Nytt fra Møteplassen:
Siste blogginnlegg:
Siste fra SnartMamma
Siste fra SnartGravid
Mindre søtt til småen Utskrift E-post
Skrevet av Helsedirektoratet   
fredag 22. august 2008
Kosthaldet til norske spedborn har endra seg til det meir positive på fleire områder sidan førre tilsvarande undersøking i 1998.
Resultat frå den landsomfattande undersøkinga «Spedkost 6 månader» syner at spedborna i hovudsak har eit kosthald i tråd med anbefalingane for spedbornsernæring.


Kosthaldet til norske spedborn har endra seg til det meir positive på fleire områder sidan førre tilsvarande undersøking i 1998. Den nye undersøkinga «Spedkost 6 månader» inneheld data som vart samla inn i 2006.

 

Meir grønt og mindre saft

Kartlegginga som no er gjort av kosthaldet til 6 månader gamle born kan vise til ei rekke positive tal:


 80 prosent av borna no får frukt-/bærmos, mot 54 prosent i 1998.

 44 prosent av spedborna får potet-/grønnsakmos, mot 38 prosent for ti år sidan.

 Det er også ein høgare andel som får fisk no enn i 1998 (8 prosent no, mot 3 prosent i1998).

 Medan 5 prosent av av barna fekk saft med sukker for ti år sidan, har dett talet sunke til berre 1 prosent i dag.

 

Spedborn får i seg mindre sukker

I tillegg til «Spedkost 6 månader», er det og utført ei undersøking blant 12 månader gamle born. Datamaterialet frå denne undersøkinga vert analysert no.

Foreløpige tal syner likevel at sukkerinntaket blant 1-åringar er meir enn halvert.

– Dette er gunstige endringar, og syner at det nyttar å ha fokus på spebornskost. Spesielt gledeleg er det å sjå at sukkerinntaket ser ut til å vere betydeleg redusert. Det å etablere gode matvanar tidlig i livet er viktig for framtidig helse. Meir frukt, grønt og fisk og mindre sukkerrike varer allereie frå spedbornsalder er heilt i tråd med anbefalingane, seier avdelingsdirektør Arnhild Haga Rimestad i Helsedirektoratet.

 

Introduksjon av mat

Det er ingen bestemt regel for kva mat du skal gje bornet ditt den aller første tida. Men det er viktig med gradvis introduksjon av fast føde, og i starten er det nok med eit par teskeier.

I det andre levehalvåret er det særleg viktig at kosten inneheld nok jern. Difor vert det tilrådd bruk av graut tilsett jern, grovt brød, magert kjøt, fisk og jernrikt pålegg. I løpet av det andre levehalvåret vil barnet sitt kosthald gradvis bli meir likt kosthaldet til familien.

Mange foreldre gir borna sine graut i byrjinga. Norske spedborn får i seg omlag 1,7 grautmåltid per dag i gjennomsnitt.

– Vi anbefaler eitt til to måltid graut tilsett jern per dag. Bakgrunnen for denne anbefalinga er mellom anna å sikre at bornet får i seg det ein treng av jern, seier Rimestad.

– Fordi graut utgjer ein så stor del av norske born sitt kosthald, er det viktig at grauten som finnast på marknaden er bra. Vi har lenge arbeidd med å påverke industrien i retning av å produsere sunnare barnemat, held Rimestad fram.

 

Redusert eller fjerna

Innhaldet av tilsett sukker i barnegrautane og i fruktpureane har variert i løpet av perioden 2002 til 2006.

Ein generell tendens i slutten av perioda er at innhaldet av tilsett sukker har vorte redusert eller fjerna. Sjølv om innhaldet av tilsett sukker i fleire av grautprodukta er redusert eller fjerna, er mange av grautane framleis søte. Det skuldast mellom anna at dei inneheld tørka frukt og grønsaker som tilfører søt smak.

– Denne utviklinga synast vi er positiv, men det framleis er rom for å gjere den industriframstilte bornematen betre, seier Rimestad.

Sidan barnematforskrifta trådde i kraft i Noreg i 2002 har industrien meldt inn til Mattilsynet om kva produkt som til ei kvar tid eksisterer på den norske barnematmarknaden, inkludert opplysningar om samansetjinga av produkta.

Norske ernæringsstyresmakterhar over lang tid jobba aktivt med å informere industrien om gjeldande anbefalingar og oppmoda til å lage sunnare barnemat.

 

God informasjon til spedbornsforeldre

Undersøkinga «Spedkost 6 månader» syner at åtte av ti foreldre som vart spurt hadde fått svært nyttig informasjon om amming og spedbarnsernæring frå helsestasjonen og frå føde-/barselavdelinga.

Heftet «Mat for spedbarn», som alle foreldre får tildelt på helsestasjonen, er svært godt motteke.

– Vi trur at den positive utviklinga i kosthaldet til spedborn mellom anna skuldast god innsats frå mange dyktige helsesøstre rundt om på norske helsestasjonar. Styresmaktene har dei siste åra samarbeidd med helsesøstre og jordmødre, og arbeidd aktivt for å sikre spedbornsforeldre god og lettfatteleg informasjon om bra mat til spedborn. For at det skal vere lettare for foreldre å velje dei sunnaste alternativa i butikken, er det også viktig at barnematen er godt merka med kva den inneheld. Norske ernæringsstyresmakter arbeidar aktivt for å påverke EU si merkeordning på matområdet, held Rimestad fram.

Dei fleste foreldre er opptekne av at borna deira skal ha eit sunt og godt kosthald. Mange ynskjer difor informasjon om sped- og småbornsernæring.

– Vi er opptekne av at det skal vere lett å gjere sunne val, og når minstemann skal ha mat. Gjennom heftet «Mat for spedbarn», som alle foreldre får utdelt på helsestasjonen, får ein gode praktiske råd. Heftet inneheld gode råd og tips og lettvinte oppskrifter på ulike typar barnemat, avsluttar Rimestad.

 

 

 
Mest lest:
  Copyright © 1999-2013 NybaktMamma.com
Juridiske merknader
rules of Indian rummy