Eg har vore ein veldig ivrig leser her inne og fått masse flott inspirasjon!! VIl gjerne vise dere nokre av mine "eignelutar" som eg har arva pappa sin 100 år gamle onkel...
Lykttreet mitt som eg er så glad i. Utruleg fint på kvelden med masse lys i!
"Lysekrone" kjøpt for eit par år sidan...
Denne duken i hardangersaum, sydde ein gamleonkel til meg til konfirmasjonen min. Eg tok den med meg til ein av Noregs beste innrammer, og duken kom verkeleg til sin rett! Så dette dukbiletet har eg hatt med meg i i nesten 15 år!
Nattbordet er koseleg å ha på stua...
Dette som det opprinneleg skal vere speil til(der i midten) har nok blitt utsatt for malingsfjerning i nyare tid. Usikker på kva eg skal gjere med det, syns eigentleg det er litt stas slik det er.
Det ser ikkje bra ut å ha tv,video,DVD oppå her,men har ikkje andre løysingar i vår lille stue...Sukk...Skulle ønske vi hadde ein tv til å henge på veggen...
Kommoden som hører til soveromsmøblementet. Eg har ikkje gjort noko med det, tenkte kanskje å skifte knotter.
Den fine lysekrona eg har kjøpt,men ikkje fått hengt opp endå...