Gå til forsiden
For deg som har små barn
 | SnartGravid | SnartMamma |
  
Forside arrow Nyheter > arrow Tåteflasker av polykarbonat er trygge i bruk
fredag 20. mars 2015
Innhold:
Forside
 Nyheter:
Forskning
Andre nyheter
 Artikler:
Kosthold
Rettigheter
Råd & Tips
Vaksiner
Diverse artikler
 Annet:
Søk
Kontakt oss
Nytt fra Møteplassen:
Siste blogginnlegg:
Siste fra SnartMamma
Siste fra SnartGravid
Tåteflasker av polykarbonat er trygge i bruk Utskrift E-post
Skrevet av Matportalen   
tirsdag 27. november 2007

Tåteflasker av polykarbonat er trygge i bruk Avgjeving av det kjemiske stoffet bisfenol A til drikke i tåteflasker av polykarbonat-plast fører ikkje med seg nokon helserisiko. Det er konklusjonen i ei nyleg gjennomførd undersøking av tåteflasker på den norske marknaden.

Undersøkinga er ei oppfølging av analysar utførde av Mattilsynet i 2001, som viste at bisfenol A blir utskilt i høgare nivå etter mange gongers bruk av tåteflasker av plasttypen polykarbonat (PC).

Auka utskiljing etter bruk over tid vart stadfesta også i den nye studien, men berre i dei tilfella flaskene ikkje vart skylde godt nok etter vask.

– Eksponeringa er sjølv utan god skyljing av flaskene, mykje lågare enn det som det europeiske risikovurderingsorganet EFSA ser på som tolerabelt. Dette gjeld sjølv om barnet tek inn all drikke frå same flaska, seier Per Fjeldal, seniorrådgjevar i Mattilsynet.

Det vart konstatert små skilnader i avgjeven mengd bisfenol A mellom dei ulike merka av tåteflasker som vart undersøkte.

 

Ingen helserisiko

I den nye undersøkinga vart forsøka frå den førre studien teken opp att. Hovudfokus i denne studien var å finne ut om enkelte bruksmønster gjer at avgjevinga av bisfenol A aukar til mengder som kan utgjere ein helsefare.

Det vart funne at ein avgjerande faktor for frigjeving av bisfenol A til drikken er at plasten blir utsett for sterke alkali (basar), for eksempel vaskemiddel, som ikkje blir skylde ut av flaska.

– Mat og drikke til barn er verken sur eller basisk, og hushaldsvaskemiddel er ikkje så basiske at dei utgjer ein risiko for utløysing av Bisfenol A. Alle oppvaskmaskinar skyl dessutan grundig etter vask for å fjerne vaskemiddelrestar, forklarar Fjeldal.

Laboratoriet peiker også på at dersom restar av vaskemiddelet skulle finnast att i flaska, vil ”såpesmak” gjere at mjølka ikkje blir konsumert. Alt dette støttar at eksponering for bisfenol A frå tåteflasker ikkje utgjer ein helserisiko.

 

Hormonforstyrrande

Årsaka til at Mattilsynet i utgangspunktet gjennomførde undersøkingar av tåteflasker, er at bisfenol A i høge dosar i eksperimentelle studiar på gnagarar viste seg å ha hormonforstyrrande effektar. Relevansen av desse funna for menneske er likevel usikre og omstridde. Dyreforsøk viser også at stoffet kan føre til reproduksjonsskadar og effektar på lever i høge dosar. I studiar der låge dosar av stoffet er brukte, er det så langt ikkje demonstrert skadelege effektar på ein overtydande og reproduserbar måte.

Tåteflasker vil ein ikkje kunne lage av PC utan at små mengder av Bisfenol A blir avgjevne. Det er fordi stoffet er ein av byggjesteinane (monom) i plasten. Bisfenol A blir også brukt i produkt som måling, lakk, lim og golvbelegg.

– For å vere heilt sikker på å unngå små restmengder må ein velje tåteflasker av eit anna materiale enn PC, for eksempel glas, seier Per Fjeldal.

Det vart også leita etter andre stoff i drikken som kjem frå flaskene, men ingen andre stoff vart avgjevne i konsentrasjonar som gjev grunn til bekymring med bakgrunn i dagens kunnskap om toksikologi.

 

Samarbeid med Sveits

- Vi vil likevel understreke at det til ei kvar tid er produsenten og importøren sitt felles ansvar å levere trygge produkt, seier seniorrådgjevar Per Fjeldal i Mattilsynet.

Analysane er gjennomførde i samarbeid med laboratoriet til det sveitsiske mattilsynet i Zürich, Sveits. Etter undersøkinga som vart gjord av Mattilsynet i 2002, har også ei rekkje andre forskingsmiljø analysert avgjeving av bisfenol A frå PC-plast. Heller ingen av desse andre artiklane (sjå vedlegg) indikerer avgjeving av bisfenol A frå tåteflasker i helsefarlege mengder.

 

Last ned rapporten her

 

Hentet fra Matportalen

 
Mest lest:
  Copyright © 1999-2013 NybaktMamma.com
Juridiske merknader